Ad Hækkenfeldt til
Alfred havde stablet Grene
til Sankt Hansbaal helt alene.
Øverst som en Kusk paa Bukken,
sad livagtig Heksedukken.
Far kom ud og fik det tændt,
baade Baal og Heks blev brændt.
Luedans og Flammespill...
Grebet saa Familien til.
Alles Øjne havde Glans
under Sangen om Sankt Hans.
Slut.
En sidste Lues Blaffen.
Det var Tid til Aftenkaffen.
Pludselig fra Far det lød,
mens den allersidste Glød
søvnigt ulmede i Blæsten:
Hvor er Bedstemor forresten?
© Poul Sørensen 1952, 1974. Tekst: Poeten.
Dei fleste stader i landet har tradisjonar for eit eller anna, som dei likar å gjere eit nummer ut av. I nord er det dei første solstrålane etter mørketida, i sør er det dei første "rægan" på kaia, i Oslo likar dei å feire byjubileum, medan Bergen stadig prøver å setje ny regnrekord. I Ålesund har vi også tradisjonar. Ein av dei tradisjonane som lenge stod veldig sterkt, var
å tenne bål på Jonsok, eller st. Hans, som er det mest vanlege namnet her. No tenkjer du kanskje at du også plar å tenne bål og grille på Jonsok? For å seie det slik, det finnst bål, og det finnst bål.
No er det berre
Slinningsbålet som står igjen som Bålet med stor "B", men då far min var ung, var heile byen delt inn i båldistrikt. (Les meir
her og
her).Det vart kjempa hardt om det beste bålet, og kriteriet var enkelt: det som brann lengst, vann. Slinningsbålet har dei seinare åra teke ein meir populistisk vri, og går for høgderekord. Men far min, som eg trur reknar seg som ein av dei gamle bålgutta, berre fnyser av slikt. Å byggje med tønner som ikkje er stappa, er ikkje å byggje! Dessutan skal materialet helst skaffast på lyssky vis. I dei gode, gamle dagane, var det ikkje uvanleg at bålgjengane dro på tokt både til bedrifter og andre bål for å skaffe tønner og paller. Rekved vart nytta som fyllved, for å sikre god og lang brenntid. Far min fortalde at dei ein gong var på tokt, og oppdaga ein gjeng med tønner som hadde byrja rotne. Dårleg til anna bruk enn bålbruk! Dei hadde lete alle tønnene stå, og kom att neste dag og spurde pent om dei ikkje kunne få dei, når dei likavel ikkje kunne brukast? Det endte med at dei fekk dei, og måtte frakte 600 tønner over fjorden. Det var så mange at dei ikkje hadde nok fyllmateriale, så dei måtte øydelegge tønnene for å få nok plank. Luksusproblem! No, når det berre er eit stort bål att, er det ein del bedrifter som sponser paller og tønner. Så alt var kanskje ikkje betre før?
Om du søkjer på
"Slinningsbålet" på youtube, får du opp fleire klipp. Dei fleste er av bålet i det det raser; dette skjer nesten alltid, då vêret sjeldan er på bålentusiastane sin side. Vind er ikkje så gunstig! På eit av klippa kan du sjå når dei sender opp den aller siste tønna. Her syng dei også "Slinningsbålet lenge leve, Skjervabålet dø", som var ein veldig vanleg og anveldeleg song. Bytt ut namna som det passar deg! Vi får også eit lite innblikk i det apparatet som ligg rundt det å byggje eit slikt bål, og entusiasmen. Det skal nemnast at sparebanken her på Møre eit år gav bålgjengen klatreutstyr, så det skulle verte tryggare, men det slo merkeleg nok ikkje heilt an.
Elles er rekordar som nemnt ein god greie. I år sette dei kanskje rekord for raskaste ras,
med berre om lag ein time brenntid. Surt er det kanskje at det er Skjervabålet som innehar rekorden for høgaste Jonsokbål. Skjervabålet heldt til i Skutivka, og vart i 1993 målt til 37, 84 meter. Samme året var Slinningsbålet på "berre" 35 meter.
Og no lurer du kanskje på kvifor dette kjem no, og ikkje på tysdag? Grunnen er at vi
tar etter svenskene, og gjerne vil ta ein fest når vi først er i gang. Eller hur?